Stavanger Story

Betty er på party i den poshaste delen av den norske oljehovudstaden: Ein del av byen der tenåringsgutane går med slips og palassa er fulle av labyrintiske korridorar med mørke gjesterom. Kor blir det av Vanessa? Har det skjedd noko med veninna eller er Betty blitt ditcha?